 |
|
 |
AEROBICSAL
|
Gruppetrening i lys og trivelig sal med støytdempande golv. Spør etter rettleiing om du er usikker på kva som passar for deg.
Forklaring på dei ulike timane:
• Step - kondisjonstrening med enkle trinn og kombinasjonar på kasse som kan stillast i ulike høgder. Passar for alle.
• Stram opp - kombinasjonstime med fokus på kondisjons- og styrketrening. Enkle trinn på golvet og styrkeøvingar for heile kroppen. Passar for alle
• Aerobic - Kondisjonstrening med enkle trinn og kombinasjonar på golvet til fengande og rytmisk musikk. Styrkeøvingar for mage/rygg på slutten av økta. Passar for alle.
• Topp Trening - Legg grunnlaget til fjellturen her! God, gammaldags kondisjons- og styrketrening. Stasjonstrening etter intervallprinsippet. Passar for alle, også menn!
• BOSU - BOSU står for ”both sides up” og er ein halv ball festa på brett. Dette gir eit ustabilt, mjukt og støytabsorberande underlag som utfordrar balansen på ein ny måte. Krevande time med ein del hopping. Svært god trening for balanse, styrke og kondisjon. Passar ikkje for gravide.
• BOSU-balanse - effektiv trening med fokus på stabiliseringsmuskulaturen og balansen. Ikkje hopping –passar for alle.
• Styrke på ball - effektiv og variert styrketrening for heile kroppen der ein brukar ballen som hjelpemiddel. Passar også for den som ikkje har trent på ei stund.
• Superstyrke - styrketrening med vektstong og vektskiver inntil 32 kg, som legg til rette for progresjon i treninga. Utfordrande styrketrening med god rettleiing som sikrar rett utføring og teknikk. Passar for alle.
• Styrkemix - styrketrening for heile kroppen ved bruk av ulike hjelpemiddel som t.d. lause vekter, slangar, og step.
• Pilates - rolig trening på matte med fokus på konsentrasjon, kontroll, trening av ”kraftstasjon” (torso/mageområde og indre muskulatur), flyt, presisjon og pust. Gir redusert stressnivå og god avspenning. Ikkje tilrettelagt for gravide.
|
|
 |