Aspiration finder

Kva motiverer deg til å trene? Ta testen og finn det ut! Resultatet vil hjelpe deg å finne treningsøkter som passar deg, slik at du lettare kan nå målsettingane dine. Testen tek ca. 2-3 minutt og gir umiddelbare svar!


Om MyWellness

Som kunde hos ToppTrening får du tilgang til di personlige treningsdagbok via MyWellness. I tillegg til aktivitetar på ToppTrening kan du registrere daglig aktivitet som du gjer i heimen, eller når du er ute og går. Det gir deg ei unik moglegheit til å kartlegge aktivitetsnivået ditt, og vi kan hjelpe deg på vegen til å nå målsettingane dine; om det er å kome i betre form, eller nå dei høgaste toppane. Har du aktivitetsmålarar frå før, kan desse koblast saman, slik at du samlar informasjon på ein stad. Det er motiverande å sjå framgangen av treninga, og med My wellness får du alle resultat samla på ein stad.

MyWellness får du tilgang til via telefonen din, nettbrett eller PC. For dei som ikkje vil ha telefonen med på trening kan ein nytte My Wellness Key, og få tilgang til same moglegheitene. I MyWellness får du tilgang til treningsprogrammet ditt uansett kvar du er i verden, du kan kommunisere med oss, og vi kan lettare hjelpe deg til å gi gode treningsprogram, halde motivasjonen oppe og gi deg rettleiing. Ikkje berre når du er på ToppTrening, men når du trenar andre stadar, heime eller på ferie. Vi er opptatt av at du skal lukkast med treninga, heile året!

Via din «MyWellness» konto kan du sjølv velje å delta på utfordringar som ToppTrening arrangerer. Målet kan vere å trene eit gitt tal treningøkter, eller trene på ein bestemt måte i eit bestemt tidsperiode. Det er motiverande og morosamt! Det er heilt frivillig å delta, du melder deg sjølv på dei utfordringane du ynskjer å delta på.