Styrketrening

Styrkeavdelinga

Vi har to styrkeavdelingar på ToppTrening, ei frivektsavdeling og ein apparatdel. Frivektsavdelinga er godt ustyrt med to knebøyapparat, der ein kan trene alle store basisøvingar som markløft, knebøy, frivendingar og støt. Det er store speil på veggane, slik at ein lett kan kontrollere teknikken. I tillegg har vi benkpress, to fribenkar, og hantler frå 4 -32 kg. For dei som vil løfte enda tyngre har vi hantler du kan legge vektskiver på. Dips og «Hangups» er det også tilrettelagt for. Det er god ventilasjon i rommet, med eigen varme/kjølepumpe.

Styrkesalen i hovudetasjen inneheld apparat for dei enkelte muskelgruppene. Det er god plass mellom apparata, og gode innstillingsmoglegheiter. Vi har også eit stort friareal til slyngetrening, kettlebells, matteøvingar og uttøying. Store vindauge med utsikt over Ørstafjorden gjer det lyst og luftig i rommet.

Les meir om treningsrettleiing