 |
|
 |
VIBRASJONSTRENING
|
Vibrasjonstrening
Vibrasjonstrening er for tida ein av dei trendane med størst vekst innan treningsstudio segmentet i Europa og USA sidan spinning. Vibrasjonstrening gir større effektivitet og fleksibilitet for rehabilitering og trening. Med auka popularitet er det mange produsentar som kastar seg på ”vibrasjonsbølgja”. Dessverre har over 97 prosent av disse apparata inga sertifisering og godkjenning. Det viktigaste med ei god maskin er at vibrasjonen som blir gitt er vertikal og at den gir ein jamn vibrasjon over 20Hz uansett vekt av brukar. Vibrasjonar med lågare frekvens kan vere direkte skadeleg for menneskekroppen og indre organ.
ToppTrening AS og Fysio1 AS har gått saman om å kjøpe eit sertifisert og medisinsk godkjent vibrasjonsapparat til 110 000 kr. Dette apparatet er det første MDD (Medical Device Directive) -sertifiserte vibrasjonsapparatet på markedet med godt dokumenterte effektar på styrke, blodsirkulasjon, balanse og koordinasjon. Meir informasjon om vibrasjonsapparatet finn du på leverandøren si nettside: www.vibrogym.no
Hovudgrunnen til at vibrasjonstrening er så effektivt er at vibrasjonen som vert generert i plattforma vert overført til kroppen når ein står eller gjer øvingar på den. Desse vertikale, raske vibrasjonane tvingar musklane, gjennom tonisk vibrasjonsrefleks, til ein kraftigare kontraksjon. Den toniske vibrasjonsrefleks kan samanliknast med strekkrefleks, og gir auka muskeleffekt gjennom auka rekruttering av muskelfiber (Torvinen S. et al, 2002 og Rittweger J, et al, 2002). Undersøkingar viser at dette gir 95 prosent aktivering av muskelfibrane, medan tradisjonell styrketrening rekrutterer 40 - 80 prosent, avhengig av treningsnivå, erfaring og øving. På grunn av denne effekten tek ei treningsøkt på vibrasjonsapparat sjeldan meir enn 20min. Den auka rekrutteringa gjer også at mindre trena personar får ein god treningseffekt.

Massasje
I tilegg til treningseffekt og rehabilitering etter skade har dette apparatet også ein dokumentert sirkulatorisk effekt gjennom massasje. Massasje gir auka blodsirkulasjon og lymfedrenasje, samt at vibrasjonane påverkar metabolismen. Ofte avsluttar ein treningsøkta med massasje for raskare restitusjon og velvære.
Ein har også funne positive resultat med reduksjon av cellulittar i samband med denne type behandling. Det er også lovande funn i samband med forsking på medisinske problem som MS og osteoporose (beinskjørheit).
Prisar
* Dei 3 første øktene etter konsultasjon inkluderer trening med sertifisert instruktør og opplæring. Deretter får kunden trene sjølvstendig i avtalt tidsrom tysdag kl 16.00 – 20.00 og torsdag kl 16.00 – 18.30. Dersom tidspunktet ikkje passar, ta kontakt.
1 økt = 20min.

|
|
 |