Vilkår medlemskap

1. Minimums avtaleperiode er ____ mnd. Oppseiingstida gjeld frå den 1. i påfylgjande heile mnd etter mottatt oppseiing. Kontrakta vert ikkje avslutta før ToppTrening har fått skriftlig melding (papir/epost) om avslutting. Avtale om frysing skal skje skriftlig. Gyldig årsak til frysing for kontraktstype: FLEXI; 6mnd, 60+; 6mnd, STUDENT/VIDAREGÅANDE; 3mnd.

Dokumentert sjukdom/arbeid utombygds utover 1mnd og barselpermisjon gir også rett til frysing. Melding om frysing må vere oss i hende innan månadsskiftet. Å stoppe avtalegiroavtalen i banken din, er ikkje å rekne som oppseiing av medlemskapet.

2. Dato for avtalegirotrekk er den 20. i kvar mnd. Kunden pliktar å sjekke at avtalegiroen er gyldig/fungerer.

3. Prisen vil vere fast dei 6 første mnd, etter dette kan prisen stige i takt med normal prisauke. Dersom kontraktsprisen /trekkbeløp vert justert, vert det varsla ved oppslag på treningssenteret/nettsida våra. Vi tek atterhald om statlig avgiftsauke i løpet av dei første 6mnd.

ToppTrening er ikkje pliktig til å refundere treningsavgift pga sjukdom eller manglande bruk av treningstilbodet vårt. Dersom sponsing/sponsortilknyting av medlemskap vert avslutta, vert kontrakta flytta til ordinær avtale, og gjeldande månadspris for den avtalen vert krevd frå kunden. Ved oppstart vert det krevd betaling for etableringskostnader, treningsavgift for rest av inneværande mnd og hele neste mnd, og nøkkelkort.

4. Alle endringar av medlemsstatus/medlemskap skal skje skriftlig/e-post: post@topptrening.no. ToppTrening AS, Strandgata 4, 6150 Ørsta. Stadfesting på utførte endringar sendt frå ToppTrening innan 14 dager til kunden si registrerte e-post adr. Om stadfesting ikkje vert mottatt, må kunden kontakte ToppTrening på nytt.

5. Det er einigheit om at all trening skjer på eige ansvar. Kunden har ansvar for å vere helsemessig skikka til å trene hjå oss. ToppTrening fråskriv seg alt ansvar for personskader og skader på gjenstandar som oppstår under, eller som følgje av, kunden sitt opphald på senteret, inkludert tap og skader på kle og personlige eigendelar. ToppTrening pliktar å vedlikehalde lokaler og utstyr slik at ein unngår ulykker og skader.

6. Aldersgrense er 16 år. Ungdomar frå 15 år kan trene i fylgje med føresette som er kundar på senteret.

7. ToppTrening har rett til å halde stengt på heilagdagar og endre/tilpasse opningstida i sommar/jul/påskeferiar. Timetilbodet vert justert etter frammøte og ulike årstider og vert varsla på senteret og heimesida vår.

8. Kunden pliktar til ei kvar tid å ha gyldig medlemskontrakt og å betale treningsavgift i fylgje avtale.

9. Kunden pliktar å halde seg orientert om, og fylgje reglar/instruksar, som gjeld på senteret. Reglar for tilgang med nøkkelkort:Forbode å ta med seg andre som ikkje har nøkkelkortavtale. Rydde etter seg og avslutte treninga seinast ved gitt stengetid. Siste innsjekk på ytterdøra er 30 min før stengetid. Brot på ToppTrening sine reglar fører til utestenging.

10. Booking av gruppetimar kan gjerast på www.topptrening.no. Nærare informasjon om booking ligg på heimesida til ToppTrening. Misbruk av bookingsystemet kan føre til utestenging. Brukarnamn for pålogging på «Min side» er kundenummeret, som står på kontrakta i namnefeltet.

11. All bruk av dopingpreparat vil føre til utestenging. Vi har nulltoleranse for bruk av dopingpreparat. Ved å signere denne avtalen aksepterer du å bli utestengt frå ToppTrening dersom du bruker/deler dopingpreparat (iflg. norsk dopingliste). Med ikraftsettelse fra 1.juli 2013 er all bruk av dopingmiddel kriminalisert etter Legemiddellova, § 24 a. Bruk av – eller mistanke om bruk av dopingmiddel på ToppTrening kan verte meldt til politiet.